 |
 |
Eventyralbummet er nederst på siden, etter evetyrhistorien
Det var ein gong for mange år sidan ein flokk med damer som jobba saman i fred og fordrageleghet i Televerket (Telenor) på Stord.
Så kom det ein mann med navn Tormod Hermansen, som jaga alle ut av Televerket. Vekk med dykk, sa han, det svarar seg ikkje å ha dykk i arbeid. Her skal det bli andre tider og det blei det. Dei stakkars damene blei særs lei seg, men heldigvis så fekk dei noko som heiter venteløn, slik at dei hadde til salt i grauten.
Nokre av dei Hermansen jaga vekk, byrja å gå tur i skogen to dagar i veka. Dette utvikla seg til å bli fine stunder saman og sorg og sut over å ha mist ein god arbeidsplass svann i det blå og blei erstatta med glede over å vera fri og frank og kunne gå i skog og mark når ein følte for det. Etter kvart som dei gjekk der i skogen både tidt og ofte, byrja dei å minnast dei gode gamle eventyra som dei vart fortalde då dei var små.
Plutseleg ein dag fekk dei auge på ei rot som låg lageleg til attmed stien og dei tenkte at her kunne det sotte ein nisse under. .Dette var ved juletider, så nisse passa bra. Men ettersom jula kom og jula gjekk så måtte nissen fjernast. Han kunne jo ikkje sitje der heile året heller.
Då var det at tanken tok form. Dei skulle sy og strikka eit eventyr og setje under rota og valet fall på "Trollkjerringa som sit med nasa i eit skår." (Ho som måtte sitje der i hundre år før Askeladden kom å redda ho)
Dette vakte stor hugnad blant trimmarane i skogen, som ber namnet Landåsen.
Ettekvart vart dei betne av basillen og laga det eine eventyret etter det andre, som vart plasserte etter kvarandre bortetter stien. Stien var kalla Eventyrvegen og med god hjelp av nokre av mennene til dei arbeidslause damene vart det sett opp skilting av vegen og ymse ting som måtte snekrast med mannehand.
Til dags dato er det 8 eventyr representert. Det er: * Rødhette og ulven, * Hans og Grete, * Prinsessa som ingen kunne målbinde, * Kvitebjørn kong Valemon, * Askeladden og dei tre hjelparane, * Dei tre bukkane bruse, * Trollkjerringa med nasa i eit skår * Sjuande far i huset.
Kvar einaste dag får damene beigeistra tilbakemeldingar frå folk som fer framom eventyrvegen. Besteforeldre og oldeforeldre som ikkje har vore i Landåsen på 20 år, tar turen både med og uten små slektningar for å bivåna eventyra. Snipp snapp snute, så var eventyret kanhende ute.
Klikk på boken og sidene for å bla:
|
|
 |